fagfelt


|
biletanalyse
Gjennom 15 års undervisning har eg vore oppteken av det som kan lesast konkret og direkte ut av ei biletflate. Særleg har fargebruken interessert meg, og via fagmiljøet på Kunsthøgskolen i Bergen vart eg kjend med NCS-systemet (Natural Colour System), som eg fann ut var eit godt reiskap også til biletanalyse. |
tradisjonsfortolking
Tradisjonsfortolking var tema for avhandlinga mi. Utgangspunktet var Norges Husflidslag, og eg undersøkte korleis ulike måtar å tolke tradisjonen på frå 1891 og fram til samtida viste att i produktutforminga deira. I neste omgang styrer dette korleis mange av oss oppfattar den norske identiteten.
Referanse til tradisjonen har tent ulike grupper til ulike tider, men det er ikkje dei same sidene som har vore teneleg å trekkje fram for alle.
Tilsvarande selektive blikk har også vore grunnleggjande for haldningane våre til både bunadsbruk og norsk folkekunst. |
innsamlingsstrategi
Eit bestemt mål gjer blikket selektivt, også når musea skal konstruere den store forteljinga gjennom samlingar av museumsbygningar og gjenstandar. Kva har blitt valt ut - og ikkje minst: Kva er valt vekk opp gjennom tidene? Og korleis kan skifte i innsamlingsstrategi forklarast?
Som avdelingsleiar for samlingane ved Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum har eg også blitt interessert i korleis vi skal handtere innsamling av kunstverk av meir flyktig karakter.
Dette skal undersøkast vidare i forskingsprosjektet Ting, tang, trash som vart oppstarta i 2009. |
cv
utdanning
1987 |
Cand. Philol. i kunsthistorie, Universitetet i Bergen |
1982 |
Cand. Mag.
med fagkombinasjonen kunsthistorie, etnologi, offentleg administrasjon og organisasjonskunnskap, Universitetet i Bergen |
1978 |
Årskurs i vev, Heimeyrkeskulen i Jølster |
1977 |
Årskurs i saum, Heimeyrkeskulen i Jølster |
1976 |
Realartium, Sogndal Gymnas |
praksis
verv i utval
|