![]() |
heim fagfelt førstekonservator forskar formidlar forfattar kontakt |
førstekonservatorarbeidsstadFrå 1996 har eg vore førstekonservator ved Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum, som etter konsolidering i 2007 vart ei avdeling av Kunstmuseene i Bergen. ansvarsområdeEg er avdelingsleiar for samlingane ved Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum, og fagansvarleg for glas, keramikk og tekstil generelt, og samtidskunsthandverket spesielt. I tillegg er eg koordinator for dokumentasjon og registrering ved Kunstmuseene i Bergen. Hovudarbeidsfeltet mitt er samlingsforvaltninga, og i 2006 var eg prosjektleiar for registreringsprosjektet "Sans for samling", der avdelinga digitaliserte gjenstandsinformasjonen om dei 35000 gjenstandane våre. Som fagansvarleg er eg museet sin representant i Innkjøpsfondet for norsk kunsthåndverk, og har leia prosjekt knytt til fagfelta mine, som "Brennpunkt Bergen" (2002) i samarbeid med Kunsthøgskolen i Bergen, og "Strikk7" i samarbeid med Høgskolen i Sogn og Fjordane. forskingsfriFrå 2009 har eg 60 % forskingsfri frå Kunstmuseene i Bergen for å arbeide med "Ting, tang, trash - å samle søppelkunst på museum i ei virtuell tid", eit delprosjekt av K-verdi, administrert av Kunsthøgskolen i Bergen, og finansiert av Norges Forskingsråd under forskingsprogrammet "Kulver". |